10. jan. 2012

Dårleg inneklima i skulen

Laurdag 7.januar 2012 skreiv www.Framtida.no  ein artikkel om inneklima på ungdomsskulane i Noreg. 2011 strauk 37 kommunar på inneklima i skulen.  Dårleg luft,fuktskader, mygl, sopp og rotskade har fått Arbeidstilsynet til å setje foten ned på fleire skular.

Dei stramme budsjetta gjer at til dømes Vartdal skule i Ørstad kommune har hatt oppussing på sakslista i 15 år.

– Når vi hadde timar i gymsalen måtte vi krysse skuleplassen og parkeringa for å kunne nytte garderoben i symjehallen, fordi delar gymsalen har vore stengt. Slik har det vore dei åtte åra eg har gått her, fortel elevrådsleiar Elias Vartdal (15).

No har endeleg skulen fått moglegheit til å rive og forbetre skulen, men elevane må framleis lide under oppussinga.

– Det er sjølvsagt på tide og bra, men det er for augeblikket trongt om plassen. Sløydrommet har blitt til lærarrom og klassa mi brukar naturfagrommet som klasserom, i tillegg brukar vi biblioteket, fortel Vartdal.

Eg meiner det er heilt uhaldbart at elevar og lærarar skal gå på ein skule i åtte år kor klimaet er ekstremt dårleg. Det er øydeleggjande for både kropp og sjel. Det skal ikkje vere slik at ein verte tvungen til å vere på ein plass som ikkje er bra for ein? Vi lever i verdas rikaste land, og likevel har vi ikkje pengar til dette? Heldigvis har Arbeidstilsynet no tatt grep.

Eg fann denne artikkelen god fordi eg sjølv har gått på ein ungdomsskule kor vi hadde mykje problem med dårleg luft. Då oppussinga endeleg starta levde vi i brakker og støv i mange månader. Det er ikkje haldbart det heller?

Det er tydeleg at skuler i Noreg treng fornying, men elevar og lærarar skal under denne perioden også ha det bra meiner eg. Vi skal ikkje kunne tegne på bakken i vestibylen fordi det ligg et lag av støv der?


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar